Kva står på spel i USA?
USA er i rask endring – politisk, institusjonelt og som geopolitisk aktør. Kva er tilstanden for demokratiet i USA i dag? Korleis må vi forstå utviklinga i lys av landets både lyse og mørke historie? Kva fortel samtidige hendingar, som militære konfrontasjonar i Midtausten og politiske tilbakeslag for autoritære allierte i Europa, om USAs rolle som militær og kulturell supermakt?
Ons. 29/4 kl 18 – 19.30 Litteraturhuset i Bergen.
Til dette arrangementet i Noreg i ei ny tid har vi invitert statsvitar og professor Hilmar Mjelde som keynote. Mjelde er ein av Noregs fremste ekspertar på amerikansk politikk, og den mest siterte akademikaren i norske medium i 2025. Med utgangspunkt i si forsking og løpande analyse av amerikansk politikk vil han gi ei overordna innleiing om dei politiske, demokratiske og strategiske utviklingstrekka i USA.
Dette arrangementet er gratis for studentar ved framvising av studentbevis. Meir om arrangementet her.
Arrangementet er del av debattserien Noreg i ei ny tid, arrangert av Academia Europaea Bergen Knowledge Hub ved Universitetet i Bergen, i samarbeid med Litteraturhuset i Bergen.
