Noreg i ei ny tid: Den nye frontlinjen. Geopolitikk, risiko og felles ansvar

Med Tom Røseth, Andrea Mevold Zakariassen, Roger Henning Normann, Lise Øvreås og Ole Rasmus Øvretveit

​Geopolitikk er ikkje lenger noko som berre utspelar seg mellom statar, ved landegrenser eller på fjerne slagmarker. I dag går frontlinjene også gjennom næringsliv, forskingsmiljø, offentleg forvaltning, digitale system og globale verdikjeder. Sikkerheit handlar ikkje berre om forsvar og beredskap, men i aukande grad om vala som blir tekne av bedrifter, universitet, kommunar og andre samfunnsaktørar.

I denne utgåva av samtaleserien Noreg i ei ny tid møter vi Tom Røseth, hovudlærar ved Forsvarets høgskole og medforfattar av boka Den nye frontlinjen: Geopolitikk, risiko og felles ansvar. Med utgangspunkt i boka vil Røseth vise korleis den nye geopolitiske rivaliseringa påverkar samfunnet langt utover den tradisjonelle tryggingspolitikken, og kvifor spørsmål om teknologi, forskingssamarbeid, økonomi, forsyningskjeder og digital infrastruktur i aukande grad også er spørsmål om nasjonal sikkerheit.

Torsdag 1. oktober kl 18 på Litteraturhuset i Bergen (Olav H. Hauge-salen)

Kva betyr den nye tryggingssituasjonen for Noreg? Korleis bør næringsliv, akademia og offentlege institusjonar handtere eit meir samansett og uforutsigbart trusselbilete? Kva inneber totalforsvar i praksis når samfunnskritiske funksjonar i stor grad ligg utanfor staten? Og korleis kan vi balansere openheit, samarbeid og tryggleik i ei tid prega av aukande internasjonal rivalisering?

Etter innleiinga følgjer ein panelsamtale med Andrea Mevold Zakariassen, universitetslektor ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen, og Roger Henning Normann, prodekan for nyskaping og regional utvikling på Høgskulen på Vestlandet. Deretter opnar vi for spørsmål frå salen.

Moderator er Ole Rasmus Øvretveit, statsvitar og forskar ved Universitetet i Bergen. Arrangementet blir opna av Lise Øvreås, direktør for Academia Europaea Bergen Hub.

Noreg i ei ny tid er ein debattserie i regi av Academia Europaea Bergen Hub ved Universitetet i Bergen, og skal vere ein fast arena for samtale om dei store geopolitiske, teknologiske og samfunnsmessige endringane som vil påverke Noreg og Europa i tiåra som kjem.

Velkomen til ein kveld om geopolitikk, samfunnstryggleik og felles ansvar i ei ny tid.

​150/120,– lenke til billettkjøp her.

Gratis inngang for studentar ved framvising av studentbevis.